|
VI SNUR VINDEN fleire folk til Vest-Telemark |

|
___________________________________________________________________________ |
|
NYTT VT-TREFF!
Den 7.mai 09 blir det nytt Vest-Telemark treff på Smuget i Oslo. Denne gongen i samarbeid med Vest-Telemark Næringsforum
Me gjentek suksessen frå i fjor, og håpar på mange entusiastiske nye og gamle vest-telar innanfor dørene.
Programmet er ikkje endeleg satt, men meir informasjon om treffet vil kome snart.
Publisert 10.03.09 |

|
___________________________________________________________________________ |
|
JOBBMESSE PÅ ISLAND
Siste helga i februar var prosjektet på jobbmesse på Island i regi av NAV Eures. Me var ein delegasjon på 4 stk frå Vest-Telemark, med Olav Veum frå Vest-Telemark Næringsforum i spissen.
Me kom i kontakt med mange islendingar som ynskja jobb i Noreg, og me fekk levert ut stillingsannonsar frå regionen og vidareformidla CVar.
Publisert 10.03.09 |
|
Stig Ellingsen frå Seljord Hotell var med til Island for å finne kjøkkensjef. Her tilsett han serveringshjelp for sumaren. |
|
VT-TREFF
Det nærmar seg 7.mai og Vest-Telemark treffet på Smuget i Oslo.
Invitasjonar er sendt ut, og vil hamne i postkassa til mange rett over påske. Om du ikkje har fått, fortvil ikkje! Me greier ikkje å nå ut til alle, og du er sjølvsagd er velkomen m/invitasjon eller ikkje ;-)
Les meir om treffet her
Publisert 12.04.09 |
|
___________________________________________________________________________ |
|
___________________________________________________________________________ |
|
PRØVEBUSTADER I VEST-TELEMARK
På bakgrunn av prøvebustaden som skal byggast i Øyfjell etter sommaren (klikk på biletet), har bygdelivsmeklaren tatt eit initiativ til å sette i gong eit slikt prosjekt fleire stader i regionen. Dette ville dekke både eit praktisk behov for leigebustader for folk som ynskjer å ”prøvebu” i Vest-Telemark, men vil også vere ei merkevare for regionen og bidra til positiv merksemd.
Det har vore positiv respons frå kommunane, og me er i ei fase der me ynskjer å gjennomføre ei forstudie i høve til slike prøvebustader.
Publisert 29.05.09 |
|
________________________________________________________________ |
|
GOD SOMMAR!
Me ynskjer dykk alle ein riktig fin sommar! Med badevatn og myggestikk og grillmat i det fri. Oppmoding kjem om å leggje ferien til Vest-Telemark i år, og nytte seg av mange av dei flotte kulturarrangementa som finst i regionen: Festivalar og sportsarrangement og anna kulturelt påfyll, løp og opplev!
Publisert 07.07.09
|
|
__________________________________________________________________ |
|
SKIFTE AV PROSJEKTLEIAR
Noverande prosjektleiar, Emilie Asplin, skal ut i svangerskapspermisjon frå og med 31.08.09. Ny prosjektleiar blir Elisabeth Lid, som er tilsett ved Vest-Telemark Næringsutvikling.
Me ynskjer Elisabeth lukke til i jobben!
Publisert 21.08.09 |
|
Elisabeth Lid Foto: Arild Hansen |